The Needs

You need The Needs – Noregs nye power-pop-heltar! Folka frå nokre av dei viktigaste norske rockebanda dei siste ti åra (Kvelertak, Bendik Brænne, Honningbarna og Oslo Ess) har slått seg saman for å gje deg akkurat det du treng i livet; gitarbasert musikk med uimotståelege refreng og enorme riff. Need we say more? 

For deg som: Er ute etter strålande konsertopplevingar som ikkje slepp taket – full av blodfengande låtar du ikkje visste at du trengte.
Du kan forvente deg: Det rykande ferske superbandet sin aller fyrste festivalkonsert, på fredagen på Malakoff19!
Hits: (Fyrste singel kjem 10. mai).