Sol Heilo

Det er ikkje mykje multitalentet Sol Heilo ikkje meistrar. Ho er både komponist, artist, musiker, musikkprodusent, designer og kostymedesigner, for å nemne noko. Men Sol er nok aller mest kjend for bandet sitt Katzenjammer, som har gjort stor internasjonal suksess. Det er difor knytt store forventningar til at Heilo no går solo med sitt eige band. Soloalbumet Skinhorse Playground er eit fantastisk bra album som viser det enorme potensialet denne dama har. Framtida til denne multiinstrumentalisten er verkeleg lys, og alle kan sjå fram til ei nydeleg vakker og stemningsfull oppleving på Malakoff19!  

For deg som: Set pris på smørmjuk og smårasp vokal, saman med ypperleg musikalsk meistring.
Du kan forvente deg: Å dra på smilebandet og få klump i halsen, om kvarande.
Hits: America, London is Trouble, Killing Karma