Slaves(UK)

Slaves brautar seg i veg til Malakoff19! Det blir garantert heftig, heitt og hardt når den rebelske duoen lagar gneistar på el-gitar og gjev trommene juling med låtar proppfulle av dødsforakt og erkebritisk sound.

FOR DEG SOM: Er lysten på å oppleve eit av dei feitaste livebanda vi har sett dei siste åra.
DU KAN FORVENTE DEG: Eit buldrande rockeparty beståande av britisk, skitten punkrock med bluesaktige garasjeriff.
HITS: The Hunter, Cheer Up London, Sockets.