Romskip

Det har blitt sagt at Romskip høyrest ut som at verda rasar samman, men det kjennest altfor godt til at ein får lyst til å gjere noko med det. Dette beskriv gatebandet frå Bergen godt, som med sin fuzza og rocka sound heilt tydeleg er klare for å ta sin bit av den internasjonale kaka. Dei er allereie godt på veg, med strålande anmeldelsar og kringkasting over radiobølgjene i mellom anna Storbritannia og San Francisco. Sjå fram til flyspark-rett-i-trynet-rock på bergensk med supercoole Romskip på Malakoff19!  

For deg som: Diggar når gitarane høyrest ut som kvepsebol og vokalen er frekk og skarp!
Du kan forvente deg: Alien-bensin i lydform. Full gass i fyr og flammar!
Hits: Lei, Siste Sjansen, Mars.