Madrugada

Madrugada med Sivert Høyem i spissen gjer eit etterlengta comeback og tek turen til Malakoff19! Dette i samband med markeringa av 20-årsjubileumet til bandet sitt legendariske debutalbum, Industrial Silence. Eit album som i 1998 gjekk rett inn på fyrsteplass på VG-lista og er eit av dei beste og viktigaste albuma i norsk rockehistorie. I løpet av dei 10 åra bandet eksisterte gav Madrugada ut fire studioalbum til, der det siste albumet «Madrugada» vart starta på og kom ut eit år etter at gitarist Robert Burås døde i 2007.

På sine ti år som band var Madrugada kontinuerlig i toppsjiktet av norske band både innafor og uttafor Norge sin grenser. Dei har m.a motteke til saman fem Spellemannprisar inkludert «Årets Spellemann». 

FOR DEG SOM: LikarNick Cave, Iggy Pop, PJ Harvey, Sivert Høyem og Jeff Buckley.
DU KAN FORVENTE DEG: Majestetisk rock av ypperste klasse.
HITS: Majesty, The Kids Are On High Street, Lift Me, This Old House, Honey Bee.