Kvelertak

Kvelertak har turnert non-stop verda over. Dei har stått på scena både som headliner, og saman med gigantar som Metallica, Mastodon, Gojira, High on Fire og Converge, for å nemne nokre. Her i heimlandet har dei òg varma opp for Foo Fighters, Iron Maiden og Kiss på store arenakonsertar, der Foo’s eigen Dave Grohl er sjølverklært storfan av bandet. Og det er jaggu meg vi òg! I 2018 tok tidlegare Silver-vokalist Ivar Nikolaisen over som vokalist og sjefsugle etter Erlend Hjelvik. Vi i Malakoff diggar Kvelertak, og med ny vokalist bak roret så skal sjølvsagt Norges råaste rockeorkester spele på Malakoff19!

For deg som: Er glad i buldrande gitarar og rasp vokal i melodiøs og rocka samansveising.
Du kan forvente deg: Truleg landets beste rockeshow, om mogleg enda villare enn før!
Hits: Mjød, Kvelertak, Blodtørst.