Graveyard(SE)

Dei smått legendariske svenskane i Graveyard kjem endeleg til Malakoff! Bandet har blitt ein av dei mest markante innan hard-/bluesrock-sjangeren, og tek god plass i musikklandskapet min sin herlege 70-tals, vintage sound. Til tross for namnet, Graveyard er alt anna enn mørkt og dystert. Kombinasjonen av mellom anna Black Sabbath, Led Zeppelin og Rolling Stones, gjer bandet til noko verkeleg spesielt. Graveyard har markert seg som eit enormt dyktig band, både på scena og på plate. Sjå fram til ei stemningsfull, kraftig, fyldig, varm, fortryllande og ikkje minst autentisk konsertoppleving!

For deg som: Elskar skitne, tunge gitarar og heilt eksepsjonell vokalprestasjon.
Du kan forvente deg: Hardrock/bluesrock i verdsklasse frå eit band som er tilbake med ny, fandenivoldsk energi.
Hits: The Siren, Hisingen Blues, Uncomfortably Numb.