girl in red

Aldri har vel årets urørt-artist fått så mykje merksemd frå både nasjonal og internasjonal musikkbransje. Og det skjønar vi! Prosjektet til 19 år gamle Marie Ulven har i det siste eskalert til voldsomme høgder. girl in red er så ærleg og autentisk som ein får det, med ein særs dyktig musikar som tek inspirasjon frå eigne opplevde utfordringar med mental helse og seksualitet. Sjå fram til ei særs ektefølt musikalsk oppleving på Malakoff19.

FOR DEG SOM: Diggar usminka og ungdommeleg skaparkraft framført av ei rå, rocka dame!
DU KAN FORVENTE DEG: Ein ekte, ufiltrert og oppslukande artist som kjem til å nå langt.
HITS: summer depression, i wanna be your girlfriend, girls.