Finn-Erix

Finn-Erix til Malakoff19 med verdens største basarkonsert! Laurdag 20. juli skriv fenomenet Finn Erix musikk og basarhistorie på Malakoff19.

Populærorkesteret tek med seg sin velkjente velour, basarårar og eliten av lokale/regionale basarmusikerar på årets Malakoff-festival. Her satsar vi på å dele ut ei gratis åre (tilsaman 10.000 stk...Verdensrekord?) til alle som spaserer gjennom inngangen før konserten tek til. I tillegg sel vi ekstraårar til inntekt for ei veldedig sak. Alle kan vinne fantastiske premiar og til og med ei fruktkorg som ingen har sett makan til.

Finn-Erix har i snart tjue år begeistra og underhalde publikum gjennom tv og radio, festivalar og teaterscener. Det velkledde populærorkesteret består av Odd-Erik Lothe (stoveorgel), Halvor Folgerø (fagott) og Finn Tokvam (refrengsong og rytme-egg). Til Malakoff har dei med seg husorkester og fleire staselege gjestar.