Combos

Høgenergisk og totalt overbevisande rett-fram-rock som automatisk får punksveisen til å reise seg. Berre få riff inn i konserten deira på Trondheim Calling var det bestemt; dette bandet berre må spele på Malakoff 19. For trass deira korte fartstid imponerer Combos 

enormt med sin særprega og karismatisk vokal, prima gitarriff og feite rytmeseksjonar. Dette vert så fett!

FOR DEG SOM: Får lengsel til då MTV var bra. Samt friske pudderfjell og/eller heite skrubbsår frå rullebrettet.
DU KAN FORVENTE DEG: Ein intens, kaotisk og fullstendig rå konsert!
HITS: Cookies and Crack, Steady Creepin’, Degenerate