Blomst

Gled deg til perfekt catchy kick-ass-garasjepønk på Malakoff19! Blomst tek tak i deg frå første riff og slepp ikkje taket før siste alvorsord er brølt. Vi snakkar dønn ærleg rock som gjev klare Joachim «Jokke» Nielsen-referansar. Og DET er ein særs bra ting, det.

FOR DEG SOM: Brenn for å få servert liveenergi og guts frå scenekanten. Blomst has it all.
DU KAN FORVENTE DEG: Ei musikalsk rett-frå-levra statusoppdatering frå midten av 20-åra som dei fleste vil kjenne seg igjen i.
HITS: Mine Hender Brenner, Penger i Madrassen, Ro Deg Ned.