Attan

Sjølv kallar dei seg sjølve lyden av menneskeheita som sug margen ut av sine eigne bein. Jepp, dette vert garantert mørkt, heftig og beintøft; Attan serverer dommedag i musikkform på Malakoff19 -og du er invitert!

FOR DEG SOM: Likar deg best midt i metalstormen; når lyden frå scena får greinene til å bøye seg og grunnmuren til å riste.
DU KAN FORVENTE DEG: Ekstremt tight hardcore/metal med brølande vokal og gitar som kan kjennast langt inn i ryggmargen!
HITS: Feed the Primates, The Burning Bush Will Not Be Televised, On Hands and Knees.