#denbestefestivalopplevinga handlar like mykje om å sove godt imellom slaga. Malakoff har difor eit variert overnattingstilbod, som skal passe dei aller fleste.

Meir informasjon om camp m.m. vert publisert etterkvart på nettsida, appen og Facebook.

kartent1

For den miljøbevisste tilbyr vi ferdig oppsatt telt av papp på festivalcampen (https://kartent.com/info/). Du kan velge mellom tre pakkar for to personar; KarTent Standard - berre telt, KarTent Pluss - telt med luftmadrass eller KarTent Super - telt med luftmadrass og soveposar. Etter festivalen blir telta i sin heilhet resirkulert. Enkelt, effektivt og smart. 

Kvifor velge KarTent: 

  • Ferdig oppsatt telt når du kjem
  • Du slepp å kjøpe billige festivaltelt som endar i søpla
  • 100% resirkulerbart
  • Pimp opp teltet ditt med fargar! 
  • Garantert mørkt inne i teltet
  • God lufting
  • Tåler faktisk regn i fleire dagar! 
  • Ingen teltsnorer eller pluggar å snuble i
  • Redusert brannfare samanlikna med billige festivaltelt

Alt du treng gjere er å bestemme deg for KarTent Standard, KarTent Pluss eller KarTent Super. I tillegg treng du 2 eller 3 dagers festivalpass inkl. inngang camp. Miljødepositum på 150,- er inkludert i prisen, og vert refundert ved godkjent opprydding før kl 13.00 på sundag.

lavvo1

Overnatte i lavvo på festivalcampen? Velg storleik for 3, 5, 7 eller 9 personar. Eit roligare overnattingstilbud på ein skjerma del av festivalcampen. Lavvo er ferdig oppsatt, med gulv, ved ankomst. Alt du treng gjere er å bestemme deg for storleik. I tillegg treng du 2 eller 3 dagers festivalpass inkl. inngang camp. Miljødepositum på 150,- er inkludert i prisen, og vert refundert ved godkjent opprydding før kl 13.00 på sundag.

teltplass1

Du må ha eigen teltplassbilett for å setje opp telt (1 telt per teltplass), men ein kan sjølvsagt bu fleire i lag. Alle må likevel ha 2 eller 3 dagars festivalpass med inngang camp. 

Vanleg teltplass, 3x4 m
Miljødepositum på 150,- er inkludert i prisen, og vert refundert ved godkjent opprydding før kl 13.00 på sundag.
Det er ikkje tillate med partytelt.
Du må kjøpe fleire plassar dersom du skal sette opp telt som er større enn kjøpt plass. 
Plassering vert fordelt etter førstemann-til-mølla-prinsippet frå kl 16.00 på torsdagen eller kl 10.00 på fredagen. 

podtown1

Malakoff tilbyr i 2019 oppgradert overnatting til gjester som ønsker litt ekstra komfort! Du sjekkar inn i Podtown-resepsjonen og får utlevert eigen nøkkel til din pod kor du kan boltre deg i ferdig oppredd seng. Alle pod´ar har mogleghet for justering av varm/kaldluft. Podtown tilbyr 24/7 resepsjon, toalett og dusjfasilitetar. Kvar pod er utstyrt med headset, lading, lys, vindauge som kan opnast og projektor som snakkar med mobilen din.

  • Enkel pod: seng 90 cm x 200 cm - 1 person
  • Dobbel pod: seng 160 cm x 200 cm - 2 personar

KJØP BILLETT - enkel eller dobbel pod. For å få adgang til Podtown må du kjøpe 2 eller 3-dagars festivalpass. 

Podtown ligg plassert utanfor festivalområdet i 3-5 minutt gangavstand.