Ikkje mulig å gjennomføre fullverdig versjon av Malakoff 2021

Vi håpa i det lengste, men vi må no kaste inn festivalhankleet! Slik situasjonen og gjennopningsplanen for Norge er i sommar så er det ikkje mulig å gjennomføre ein fullverdig Malakoff 2021 slik vi alle ønsker.  Utruleg kjipt, men slik er det berre. 


Alle kjøpte billettar vert automatisk overført til Malakoff 2022, og vi håpar alle vel å beholde billetten. Vi har alt starta med bookinga til tidenes Malakoff-festival, og det er all grunn til å vere med oss over til 2022. Men dei som ynskje refusjon, får sjølvsagt det. Alle billettkjøparar får mail med meir informasjon frå oss. 

 

Ordinært billettsal til Malakoff 2022 startar opp på eit seinare tidspunkt. 

MEN – så kjem lyspunktet
Vi elskar å lage eksepsjonelle musikkopplevingar, og om litt slepp vi info om kva du kan oppleve på Nordfjordeid 18.-24.juli 2021! 
Så følg med !