Festivalinfo MiniMalakoff 22.-24.juli

Vi gler oss veldig til MiniMalakoff, og håpar på fantastiske dagar med mange deilige musikkopplevingar i hyggeleg selskap på Nordfjordeid i veke 29. Ja, mykje vert annleis; ingen camp, begrensa kapasitet, kohortar og bordservering. Men, det vert uansett fantastisk å kunne samlast til festival igjen på Malakoffområdet. 


Vi har oppsummert den viktigaste infoen til publikum under:

 

Speletider/Program 

 

Arena

I amfiet på det flotte festivalområdet vårt.

minimalakoff21 kart 1920x1080

Åpningstider

Dørene opnar    kl 18.45
Fyrste konsert   kl 19.30
Dørene stenger kl 00.00

 

Aldersgrense

Fri aldersgrense, barservering til dei som er over 18 år.

 

Innsjekk/Billett til band

Ved kohortinngang frå kl.1845

 

Smittevern

Viktig at alle gjere seg kjent med og følger reglane våre for smittevern
Er du sjuk, i karantene eller isolasjon – hald deg heime.
Unngå å flytte på deg med mindre du skal på toalettet eller ut av området.
Sprit hendene når du kjem og når du går.
Vær nøye med handvask etter toalettbesøk.

 

Kohortar 

Du har kjøpt billett til ein kohort. 
Kohorten har eigen inngang, toalett og servering. 
Alle oppheld seg berre i den kohorten ein har kjøpt billett til.

 

Sitteplassar

Nasjonale reglar for arrangement krev at vi har sitteplass til alle. 
Du sitter med dine næraste/familie/dei du kjem med – hold minimum 1 meter avstand til alle andre.
Dei som skal sitte ilag må kome til arena ilag. 

 

Bordservering

Mat og drikke bestiller du ved bordet.
Varer bestiller du ved bordet ved å scanne QR-koden. 
Betal med kort eller Vipps, så kjem vi til bordet med varene så fort vi kan. 

 

Merch

Vi sel Malakoffmerch og bandmerch ved infoteltet på grasbana.
Der kan du kjøpe merch før og etter konsertane.

 

Parkering

Bruk oppmerka parkeringsplassar i sentrum.
La bilen stå om du kan gå eller sykle til arena.

 

Overnatting

Ingen festival-camp i år.
Nordfjord Hotell har ledige rom på Bryggen Hotell.
Bobilparkering ved cruisekaia.

 

Rullestol

Ta kontakt med oss på førehand så hjelper vi deg.

 

Generelt

Køar og liknande kan gå litt treigare enn vanleg – vi ber om tolmod for dette
Vår generalsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane står ved infoteltet og har konkurranse der du m.a kan vinne festivalpass til Malakoff 2022. Stikk innom då vel!

Kos deg på festival!

 

Vi sjåast på MiniMalakoff 2021!