YUNGBLUD til Malakoff20

Britiske Yungblud blandar eit uttrykk som tilhøyrer punken, attitude frå hiphopen og ein rå liveenergi som du kan oppleve på Nordfjordeid fredag 17. juli. "Hope for the underrated youth!"


Både album og singlar har skyhøge streamingtal, og den britiske artisten har blitt eit stort symbol for ein megadedikert fanskare med sitt fokus på mellom anna identitet, seksualitet og samfunnsproblem.

Yungblud har eit imponerande moment akkurat no, og har alt ei lang liste med solide samarbeidsprosjekt som Halsey, Travis Barker, Machine Gun Kelly, Dan Reynolds frå Imagine Dragons etc.

Vi synest sjølvsagt at det er utruleg stas for Malakoff å ha booka Yungblud til hans fyrste sommarfestival i Norge. Vi gler oss stort til ei rå konsertoppleving,  fortel festivalsjef i Malakoff Arnt-Ivar Naustdal, i ein kommentar.

Yungblud er kjent for sine eksepsjonelle livekonsertar. Han sel ut turnear over heile kloden og har besøkt nokon av dei største festivalscenene i verda. Fredag 17. juli kan du oppleve Yungblud på Malakoff for fyrste gang på ei norsk festivalscene.