THE HIVES OG NOTHING BUT THIEVES TIL MALAKOFF!

Dei svenske punkrockarane The Hives turnerer for fulle hus verda over og er ein garantist for ekstatiske konsertar. Til sommaren headlinar dei Malakoff på Nordfjordeid og Bukta i Tromsø. Til festivalen kjem også dei britiske rockarane Nothing But Thieves. 


Vi anser The Hives til å vere den perfekte festivalbookinga. Dei er ein garantist for ekstatiske konsertar og er truleg verdas beste punkrockband, seier ein tydeleg nøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Nothing But Thieves er eit band vi har prøvd å få til festivalen fleire gongar, og er særs nøgde med at dei tek turen til vesle Nordfjordeid til sommaren. Dei har ein imponerande katalog med gromme låtar framført med råtøff rytmeseksjon og ein fantastisk vokal, seier Naustdal vidare.

Nothing But Thieves har reist verda rundt, spelt store supportkonsertar for m.a. Muse, toppa hitlistene verda over og spelar sin fyrste festivalkonsert i Noreg på Malakoff.