Nye artistar klar til Malakoff20

Bo Kaspers Orkester, Astrid S, The HU og Charlie Rackstead & The Sticklesbergen Ramblers kjem til Nordfjordeid og Malakoff sommaren 2020.


Svenske Bo Kaspers Orkester er eit eksepsjonelt fint band med tekstar og songar som mange har eit sterkt forhold til, og som vi gler oss til å få på besøk igjen.

 

Astrid S er Noregs nye popdronning med eit komande internasjonalt gjennombrudd. Ho er enormt populær, har fantastiske streamingtal og har vore svært ettertrakta til Malakoff20.

 

Den mongolske metalsensasjonen THE HU tek med seg si unike blanding av heavy metal og mongolsk strupesang. The HU sin unike miks av både metal, tradisjonell folkemusikk og strupesang har feia over fleire kontinent og store festivalar det siste året. 

 

Charlie Rackstead & The Sticklesbergen Ramblers.
Classic Norwegian pop and rock songs in an traditional American Countrymusic way.