Ingen Malakoff sommaren 2020!

Norske myndigheiter har no bestemt at det ikkje er tillatt å ha store kulturarrangement som Malakoff til sommaren. Skuffelsen er sjølvsagt stor, men vi har full forståing for og støttar avgjerda til myndigheitene; liv og helse må gå føre alt.


Vi frykta at det ville skje, men har håpa og arbeidd for at det skulle vere mogleg å få til. Risikoen for smittespreiing vert rett og slett for stor når så så mange er samla. Dette må ein berre ta hensyn til og dermed vert det ein sommar utan Malakoff - og det er nesten ikkje til å fatte!

Vi har jobba med Malakoff20 i over eit år, og hadde gleda oss veldig til å dele #malakoffkjensla med dykk alle. Men slik vert det altså ikkje; den 18. utgåva av Malakoff må vente til 22. 24. juli 2021.

Har du kjøpt billett til 2020 så vil denne gjelde for Malakoff i 2021. Vi håpar inderleg at så mange som mogleg støttar oss og vert med på musikkfesten neste år.Om du ikkje kan eller ynskjer å delta i 2021 så vil du få billetten refundert. Detaljane kring overføring av billett til 2021 og refusjon, kjem så fort vi har det praktiske på plass. Vi håpar de har forståing for dette.

Vi treng di hjelp!

Vi skal gjere alt som står i vår makt for at Malakoff21 vert akkurat den festivalen vi alle vil ha. Det viktigaste du kan gjere no er å støtte oss med å takke ja til å føre billetten over til 2021. På den måten vil du vere med å sikre fundamentet for at Malakoff eksisterer i framtida.

No står vi alle i ein uverkeleg og vanskeleg situasjon. Malakoff  treng di støtte. Vi er utruleg glade for alle støttespelarar og samarbeidspartar som er med oss vidare i denne tida der ein ikkje får lov å ha livemusikk frå scenene. Om vi står saman no så vil vi kunne samlast igjen og igjen feire privilegiet å få vere saman og dele fantastiske musikkopplevingar ilag.

Planlegginga og arbeidet mot Malakoff21 er alt igang. Vi er fyrst og fremst no opptekne av å følgje retningslinjene frå myndigheitene, og oppfordrar alle til å gjere det same.

TUSEN TAKK for støtta og kjærleiken! Vi kjem attende med meir info og litt meir gledelege nyhender etterkvart.