FLOGGING MOLLY TIL MALAKOFF

Dei irsk-amerikanske punkarane spelar eksklusiv festivalkonsert på Malakoff til sommaren. Vi har prøvd å få Flogging Molly til festivalen i mange år. Har du ikke sett Flogging Molly i aksjon på scena, så har du ei fantastisk konsertoppleving i vente.


Få band klarer å forene publikum på tvers av sjangergrensene slik som denne sjumannsgjengen fra Los Angeles gjer, fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Gruppa starta opp som husband på puben Molly Malone’s i Los Angeles på nittitallet. Der slo dei til med fiolin, mandolin og trekkspill kombinert med skitne gitarar og harde trommer. Med irskfødte Dave King i front, spelar 

Flogging Molly keltisk inspirert punk med ei så strålande innleving at mykje skal gå gale om ikke alt som er av publikum er i fullt firsprang i løpet av første låt. Bandet bygger vidare på tradisjonen fra The Pogues og The Dubliners, men tar også med seg litt California-sol frå landsmenn som Bad Religion og Rancid

Flogging Molly skriv viser om død og kjærlighet, politikk og fattigdom og sjølvsagt om fest og basar. Bandet har slik som sjangerkameratane i Dropkick Murphys gjort eventyrlig suksess på konsertarenaer rundt omkring i verda, og no er dei klare for å innta Nordfjordeid.

Flogging Molly er rett og slett eit konsertfenomen ein berre må oppleve.