BILLETTSTART OG DEI TO FYRSTE ARTISTANE KLARE FOR MALAKOFF20

Ordinært bilettsalg er i gang og dei to fyrste artistane på årets plakat er Dagny og Drittmaskin. Dagny er ein av landets råaste og mest spennande liveartistar/låtskrivarar, og ho vil i løpet av kort tid kome med flunkande ny musikk. Drittmaskin leverer Nordfjordsk trash metal ispedd ein deilig dose hardcore punk. Også dei kjem med ny musikk ila året.


Det fyrste sleppet signaliserer at vi ynskjer å booke mykje spennande rock, samtidig som vi plukkar opp det beste frå andre sjangrar, fortel ein nøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

DAGNY Ein av landets mest spennande liveartistar/låtskrivarar med over 200 millioner streams. Vi er superfan og ventar spent på ny musikk frå den rå dama i frå nord.

 

DRITTMASKIN  Kven skulle tru at Nordfjord hadde eit av dei sjukaste og rå punktrashmetalbanda i landet. Det er Drittmaskin det folkens!