Bernhoft Torsdag 11. mars i Operahuset Nordfjord

Malakoff og Operahuset Nordfjord har gått saman for å gje deg ei fantastisk konsertoppleving torsdag 11. mars 2021


"Jarle Bernhoft spelte på Malakoff 2014, og det er stor stas at vi ilag kan gje publikummet i Nordfjord denne konsertopplevinga", seier Malakoffsjef Arnt-Ivar Naustdal og operahusleiar Geir Holmen veldig nøgde.

Bernhoft. Jarle Bernhoft. Gudbenåda gitarist, låtskrivar, artist og usedvanlig likandes kar frå ein dal like nord for Oslo. Ein stilig, nysgjerrig, smart og evig undrande kar med ein distinkt og tidlaus sound. Kritikarrost prisvinnande publikumsfavoritt med ei samling krutsterke album og utselde turnear bak seg. Våren 2021 legg han ut på soloturne i heile landet som strekker seg frå midten av februar og fram til påske.

At han stoppar på Nordfjordeid for fyrste gong sidan han spelte på Malakoff 2014, er heilt nydeleg. Det går rykte om at det er ny musikk på trappene, så det er berre å gle seg ekstra til at Bernhoft presenterer nye låtar og eldre godbitar for publikummet i Operahuset Nordfjord.

Billettar i sal  HER frå torsdag 17. desember kl. 10:00