Verdensstjerner til Malakoff 2019!

Dei britiske verdensstjernene i Bastille har utrulege 3,5 milliardar streams, ligg på toppen av hitlistene verda over, har megahits som «Happier», «Pompei»++ og eit nytt album på veg som det er enorme forventningar til. På fredag 19. juli opplever du dei på Malakoff19!!

- Å få besøk av band av eit slikt verdsformat er utruleg stort, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

- Med store artistar som m.a Weezer, Bastille, Madrugada, Sigrid og BigBang på plass så opplever vi rekordsal av billettar no så tidleg. Det er det beste teiknet på at folk likar det dei får servert til Malakoff19, seier ein tydleg nøgd Naustdal.

Verdensstjernene i den superpopulære alternative rockekvartetten kjem til Malakoff19! Gigantbandet frå London har akkumulert svimlande 3,5 milliardar streams med sine megahits som «Happier», «Pompeii» ++, og slepp snart laust sitt høgt forventa tredje album. Det er klart for ein sommar full av britisk feelgood!

FOR DEG SOM: Elskar catchy og medrivande pop-rock med skarp tekst og vokal.
DU KAN FORVENTE DEG: Smude, arenavenlege hits og splitter ny musikk frå eit forrykande liveband i verdsformat.
HITS: Happier, Pompeii, Good Grief.