Svelekameratane er tilbake

Dei lokale heltane Svelekameratane er tilbake og spelar opningskonserten på Malakoff19! Gje meg ei svele..lalalala!


 

Svelene are back to rock your socks off! Dei revitaliserte, kjekke Eidagutane tek med seg nylaga musikk, live svelesteiking på scena, ny driv og den same gode oppskrifta som tidlegare; jovial rock n’ roll på nordfjordsk. Gje meg ei svele gaula du, og versågod sa vi! Dette blir så bra!

For deg som: Har sett fram til dette i lang tid, og deg som er klar for å oppleve ei smakfull lokaldelikatesse av dei skjelde!
Du kan forvente deg: Folkefest, skyhøg stemning og slagers over ein lav sko.
Hits: Kjenne på livet, Homle i underbrokja, Stein.