MALAKOFF GATEFEST 2019

Fredag 19. juli kl 12:00 - 15:00 lagar Malakoff og gode samarbeidspartar liv og røre i Eid Sentrum med gratiskonsertar frå to scener og generelt god stemning i heile Eid sentrum. Malakoff arrangerer i samarbeid med AMFI Nordfjord, Stad Kommune(Eid kommune/ Selje) og Eid Handel.


ISAK SHORTY er ein ung framadstormande rappar frå Ålesund som har vunne Musikkprisen i 2018, spelt på Jugendfest/ Bylarm/Øya og har mange råtøffe songar på Spotify. Denne karen kjem vi til å høyre mykje meir av i framtida.

VILNES er artistnamnet til singer og songwriter Eivind Vilnes med den store stemma og dei fengende låtane. I juni spelte han på Bergenfest, og fredag 19. Juli tek han turen til Malakoff Gatefest.

WHITE MAN DANCING er eit råtøft rockeband frå Sogndal som er kjent for tunge riff, ein strålande energi og mange dedikerte fans. Tre tøffe låtar ligg på Spotify, til hausten kjem den fyrste plata og dei servert det mest rocka innslaget på MGF19!

MAREN har lenge vore ein del av musikkmiljøet på Eid, og har tidligare vore medlem av bandet Indigo Child. No står ho på scena under Malakoff Gatefest som soloartist med eigne personlege sangar og ei unik formidlingsevne.

SILO «Fengande rytmar, røskande gitarriff, framført med ungdommeleg glød og energi – det er SILO! Det unge blårock-bandet har røter i Bremanger, har spelt over heile landet og kan under MGF19 opplevast som stort orkester med blåserekke og fult trøkk. Malakoff arrangerer i samarbeid med AMFI Nordfjord, Stad Kommune(Eid kommune/ Selje) og Eid Handel

m19 GATEFEST plakat A3