Highasakite, Myrkur og The Dogs til Malakoff19!

«Nye Highasakite», dansk black metal sensasjon og landets deiligaste band besøker Malakoff til sommaren. Etter ein turbulent periode er «nye Highasakite» tilbake med eit brak! Ein ny og spektakulær liveproduksjon står klar, og med eit utruleg fint nytt album i sekken inntek dei den store Malakoffscena for fyrste gang.

-       Konserten Highasakite hadde i amfiet i 2014 står fram som ein av dei aller sterkaste opplevingane vi har hatt på dei 17 åra vi har arrangert Malakoff. No kjem dei attende som eit revitalisert band med ei fantastisk fin ny plate og mange strålande gamle hits i sekken,  seier ein tydeleg fornøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal

I tillegg så får festivalen på Nordfjordeid besøk av mystiske og majestetiske Myrkur, som er eit stemningsfullt einpersonsprosjekt beståande av den danske songwriteren, songaren og multi-instrumentalisten Amalie Bruun. Siste tilskuddet på Malakoff-lineupen er dei folkekjære punk-rockarane i The Dogs. Dei tek med seg ny deilig musikk, sin særeigne sound og enorme speleglede til Malakoff19!