Blomst til MR19

Gled deg til perfekt catchy kick-ass-garasjepønk på Malakoff19! Blomst tek tak i deg frå første riff og slepp ikkje taket før siste alvorsord er brølt.


Vi snakkar dønn ærleg rock som gjev klare Joachim «Jokke» Nielsen-referansar. Og DET er ein særs bra ting, det.

Låtskrivaren med den sterke stemma og dei skyhøge streamingtala haustar positive ord over heile fjøla, og er i skrivande stund Spellemann-nominert til både årets låt og årets gjennombrot. Ruben er ein strålande dyktig liveartist med ei heilt unik evne til å treffe deg rett i både øyret og hjartet.

FOR DEG SOM: Kan drøyme deg vekk i drivande og stemningsfull filmmusikk.
DU KAN FORVENTE DEG: Vakker og medrivande musikk som klarar å setje ord på det vanskelege.
HITS: Walls, Lay By Me, The Half.