Har du spørsmål som du ikkje finn svar på her, så kan du gjerne ta kontakt med oss direkte på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller i meldingsboksen på FB.

Utfyllande informasjon til årets festival kjem etterkvart.

 

3 dagar / 35 artistar / 30.000 besøkande / Vestlandsbygd / Stor festivalcamp / Unike opplevingar / Internasjonal lineup / #malakoffkjensla

  • Fødd i 2003
  • Skjer på Nordfjordeid, Vestland, Noreg.
  • 3 dagar med musikk, fest og glede i juli.
  • Utsolgt kvart år dei siste 5 åra.
  • 30.000 besøkande, av alle aldrar.
  • Familievenleg. Storparten av festivalområdet er ope for alle aldrar.
  • Sytalaus festival, kjend for sine venlege fjes og minimalt med køtid.
  • Spektakulær lineup midt i vill vestlandsnatur.
  • Stemningsfull festivalcamp. Ein av landets største.
  • Glad i rock, men oppteken av å vere ein festival for alle typar menneske, musikksjangrar og smakar.
  • Lidenskapleg oppteken av å vise fram kvalitetsmusikk frå nye, lovande artistar.
  • Kring 30-35 norske og internasjonale artistar fordelt på 3 scener. Faktisk ganske imponerande for ei lita bygd på Vestlandet.
  • Grønt, grønt gras og blømande skogsområde. Mmm. Kjenn lukta.
  • Miljø-seriøs! Vi er dedikert i å redusere både vårt eige og indirekte fotavtrykk.
  • Over 1000 lokale frivillige får Malakoff til å skje kvart år. Truleg dei kjekkaste folka du nokon gong har møtt.
  • Smakfull mat og drikke
  • Smilande fjes over alt!
  • Fjell.
  • Og fjordar.

Tidlegare artistar inkluderer Iggy Pop, Weezer, Ghost, Biffy Clyro, Bastille, Gluecifer, The Hives, Karpe, Sigrid,Thåstrøm, Susanne Sundfør, Mastodon, Alan Walker, Madrugada, Aurora, Kvelertak, Kaiser Chiefs, Dropkick Murphys, Opeth, Lars Winnerback, Håkan Hellstrøm, Satyricon, Kaizers Orchestra, Turboneger, The Soundtrack of Our Life, DumDum Boys, First Aid Kit, Timbuktu, Wolfmother, Ulf Lundell, Gojira, Yelawolf, Gogol Bordello, Mew, Meshuggah, og mange fleire.

Sjekk ut aftermovie

Festivalområdet/Konsertområdet:

Torsdag     19.00 - 00.30

Fredag       16.00 - 02.00

Laurdag     13.30 - 02.00

Festivalcamp:

Torsdag 16.00 - søndag 13.00 (3-dagarspass)

Fredag  10.00 – søndag 13.00 (2-dagarspass)

Ingen aldersgrense på festivalområdet, og barn under 12 år går gratis i følge med ein vaksen. 18 års aldersgrense på festivalcampen. Festivalområdet/konsertområdet har eigne barområde med 18 års aldersgrense. Hugs legitimasjon!

Bussruter til Eid

www.kringom.no finn du oversikt over ruter til Nordfjordeid. 

Reisa til Nordfjord

www.nordfjord.no finn du praktisk informasjon om transport, fly, buss bil til Nordfjord.

Busstransport heim etter konsertslutt (Kr 100 pr. person)

Bussruter heim til ein billig penge etter festivalen er over. Dei går både fredag og laurdag (kl 02.30) frå Eid Rutebilstasjon til: 

  • Måløy
  • Selje/Stadlandet (via Almenningsfjellet til Selje. Ruta vert tilpassa etter kvar passasjerane skal)
  • Volda/Ørsta (om Stigedalen)
  • Stryn
  • Hornindal/Stryn
  • Sandane
  • Skei
  • Førde
  • Florø
  • Sogndal

Bussane stoppar på dei vanlege busstoppa, og erfaringar frå tidlegare tilsei at det er plass til alle utan at ein treng bestille billett på førehand. Bussane aksepterer både kort og kontant. 

For deg som køyrer

Ferjeruter

 

Parkering

Det er begrensa parkeringsplassar i nærleiken av festival- og campområdet. Det er skilta til parkeringsplass ved Eid stadion, elles finst det parkering i Eid sentrum. Vi oppmodar flest mogleg å parkere i nordre ende av sentrum, ved Eid Idrettshall og på offentlege parkeringsplassar i dette området. Her er det godt med plass og berre 6-7 min å gå til festivalområdet.

Overnatting

Vi får mange spørsmål om overnattingstilbod i vårt distrikt som er utanom våre camptilbod. Vi anbefaler deg og kike på denne sida for tips til andre overnattingstilbod.

Tips: Du kan óg finne deg ein ven på Nordfjordeid, så har han sikkert både hjarterom og husrom.

Opningstider festivalområdet/konsertområdet:

Torsdag     19.00 - 00.30
Fredag       16.00 - 02.00
Laurdag     13.30 - 02.00

Malakoffscener

Festivalen har konsertar på tre ulike scener på festivalområdet. Festivalcampen til Malakoff ligg like ved festivalområdet.

Opningstider/Innsjekk på festivalcamp

Torsdag frå kl 16 -23  (om du har 3 dagerspass)
Fredag  frå kl 10- 23  (om du har 2 dagerspass)

Campen stenger søndag kl 13.00.

Teltplassar vert fordelt felt for felt. HUGS at du må ha eigen teltbillett for å kunne sette opp telt! 

Ledsagerbevis er akseptert, mot at kortinnehavar har éin billett. Ledsager kjem då gratis inn.

Innbytte billett til adgangsband (info kjem etterkvart)

Aldersgrense

Det er 18 års aldersgrense på festivalcampen. Der er ingen aldersgrense på festivalområdet, og barn under 12 år går gratis i følge med ein vaksen.
Festivalområdet har eigne barområde med 18 års aldersgrense. Hugs legitimasjon!

Ikkje tillate på festivalområdet

  • Medbrakt mat og drikke 
  • Grill/anna påtenningsutstyr 
  • Skarpe gjenstandar, t.d. paraply 
  • Campingutstyr (telt, stolar, luftsofa osv.) 
  • Hund eller andre husdyr 
  • Video- eller lydopptaksutstyr 
  • Speilreflekskamera
  • Selfie-stang
  • Flasker og termosar

Ikkje lov å ta med inn på campen:

  • Partytelt
  • Grill
  • 0-toleranse for narkotika. Politiet gjennomfører kontroll
  • Parasoll
  • Glasflasker
  • Gassflasker
  • Aggregat
  • Møblar
  • Kniv, våpen
  • Dyr 

Aktivitetsområde på camp: M.a. SFE ladestasjon, hesteskokasting, chillsone, Pepsi Max-sone.

Mat og drikke

Det er ikkje tillate å ta med seg mat og drikke inn på festivalområdet, men det blir servert eit godt utval av vått og tørt. I tillegg til rockemat som rockeburger, svele, pølse og pommesfrites får du kjøpt øl, vin, cider, rockefjording og mineralvatn. Du finn også Pizzabakeren og Krafstasjonen som serverer mat på festivalcampen. Aske har matstand inne på festivalområdet. Alle matstasjonane serverer vegan og vegetarmat, samt glutenfri mat og drikke. 

Kontantlaus festival

Det er ikkje mogleg å betale med kontantar på festivalområdet og på festivalcampen. Berre bruk av bankkort.

Førstehjelp

Eid Røde Kors Hjelpekorps er til stades på festivalen. Dei held til i enden av grassletta utanfor inngangen til festivalområdet og festivalcampen. Treng du hjelp? Gå dit eller ta kontakt med ein av festivalvaktene. 

Tryggleik

Malakoff Rockfestival har stort fokus på tryggleik. Eit enormt lag med vakter med gule vestar vil vere på området under arrangementet, og Røde Kors held til på sletta utanfor inngangen til festivalområde og festivalcamp. På campen vil det vere vakter 24 timer i døgnet. 

Toalett og dusj

Malakoff har svært gode fasilitetar, tre stader på festivalområdet og to stader på campen. Ny toalettløysing på festivalcamp med teknologi frå Jets på Hareid. Slik skal festivaltoalett vere! Do-området nærast festivalscena har handikapptoalett. Dusj finn du i klubbhuset ved Eid stadion i Øyane, og desse er tilgjengelege frå kl 09.00-14.00 fredag og laurdag. Sjå kart for meir info om plassering.

Grøn festival

Hjelp miljøet: sørg for at alt avfall finn vegen opp i ein søppeldunk, også brukte snusposar og sneipar. Samarbeid med våre frivillige så går jobben lett! 

Slik som ved kommunale kulturarrangement i vår kommune, vil ledsager (i følgje med publikummar) sleppe inn gratis ved framvising av gyldig ledsagerbevis/følgjebevis.

Malakoff Rockfestival

Eidsgata 10  
Postboks 170  
6771 Nordfjordeid

Foretaksnummer: 991 007 636 MVA
Epost: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Primært ønskjer vi å motta faktura elektronisk (EHF) - vårt org.nr. 991 007 636 
Alternativt kan også faktura sendast som PDF til  Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kontaktpersonar

Festivalsjef / Bookingansvarleg: 
Arnt-Ivar Naustdal

Marknadsføring- / Økonomianvarleg:
Gunn Guddal 

Web / Grafisk design:                                                  
Veir AS

Teknisk produksjon:                         
Asbjørn Ebbesvik

Camp:                                               
Sveinung M. Pile

Områdeansvarlig:                             
Svein Arne Henjesand

Her finn du oss

I Eidsgata 10 i lokala til Kulturhuset Gamlebanken.
Her har vi ein flott Rockebutikk som selger rockestæsj heile året!
Opningstidene til Rockebutikken følgjer opningstidene til Kulturhuset Gamlebanken / Turistinformasjonen.

Søknadsfrist: juli 2020

Tilbakemeldingar om akkrediteringa som innvilga, er sendt ut etterkvart. Ved spørmål send epost til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Søknadskjema finn du her.

Frivillig/akkrediteringstelt

Er eit eige telt ved inngangen der kan hente adgangsbånd, presseinfo/pressekort. 

Akkreditering for media/presse

Presse som søkjer og får innvilga akkreditering må påreikne krav om å kunne dokumentere dekning frå festivalen i etterkant. Vi ber om at planar for dekninga vert beskrive i korte trekk i kommentarfeltet i slutten av søknaden. 

Akkreditert presse får tilgang til festivalens presseområde, med straum og trådlaust internett. 

Fotoakkreditering må søkjast særskilt om. Merk av for dette i søknaden. Vi gjer merksam på at det kun er høve til å ta bilete frå pit framfor scena under dei tre fyrste låtane i kvar konsert. Film- og lydopptak av konsertar er ikkje tillate utan særskilt løyve frå den aktuelle artisten.

Ynskjer ein intervju med artistar må dette avtalast direkte med management til artist på førehand.

Ta kontakt med festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal på e-post Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. ved ytterlegare spørsmål. 

Akkreditering for bransje

Bransjefolk kan også søke om akkreditering til Malakoff. Med bransje meiner vi aktørar innanfor musikkproduksjon, booking, festivalar og andre store arrangement. 

Vi gjer merksam på at kapasiteten er svært avgrensa, og at vi difor atterheld oss retten til å avslå eller endre tal personar i akkrediteringssøknader utan nærmare grunngjeving. 

Malakoff tek personvernet ditt på alvor!

Ingen personlege data vert samla inn på nettstaden malakoff.no.

Desse opplysningane vert samla inn

Anonymisert IP-adresse
Klokkeslett og dato for vitjinga, både hjå nettlesar og sørvar
Adressa og tittelen til sida som vert vitja
Adressa frå sida som lenkja til sida
Skjermoppløysing
Filer som har vorte klikka på og lasta ned
Eksterne lenkjer som vert klikka på
Lastingstida på sida
Installert språk i nettlesaren
Type nettlesar og versjon

Formålet med datainnsamlinga

Informasjonen vert samla med det formålet å gje utviklarane av nettstaden grunnlag for å forbetre visningane til brukarbasen over tid. Den skal òg gje eigar av nettstaden (Malakoff Rockfestival) innsikt i besøkstrafikken. 

Generell informasjon

Malakoff Rockfestival har delegert behandlingsansvaret for data i høve nettstaden malakoff.no til Veir AS.

Opplysningane vert ikkje delt med tredjepartar.

Besøksloggane har ein utgangsdato på 180 dagar.

Opplysningane vert innhenta gjennom informasjonskapslar i nettlesaren din og på sørvaren. 

Opplysningane er kryptert gjennom krypteringsprotokollen TLS (Transport Layer Security).

Deling av denne informasjonen er frivillig og nettstaden respekterer ev. deaktivering av sporing i nettlesaren din.

Endringar i personvernerklæringa

Dersom denne personvernerklæringa endrar seg på nokon måte, vil det verte reflektert på denne sida. Besøk sida regelmessig for å alltid vere opplyst om kva informasjon som vert samla, korleis den vert brukt og under kva omstende (om nokon) den vil verte delt med ev. tredjepartar.

Sist oppdatert: 8. februar 2019