Meld deg som frivillig her.

Har du spørsmål eller ønskjer informasjon, kontakt oss gjerne på vår Facebookside eller send epost til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

Ordensvakt (18+)

Også kalla ordens- og trivselsmedarbeidar. Her er oppgåva di å sjå til at folk trivast og at der er ro og orden på området slik at alle har det bra! Her får du tildelt eitt område (amfi-/inneområde, uteområde, barområde, inngangsområde eller backstageområde), men flytting av vakter mellom områda vert utført ved behov. 

Barpersonell (18+)

Bak bardisken er det høgt tempo og topp stemning! Her tappar og sel du øl og andre barvarer til tyste festivalgjengarar.

Kioskpersonell

Ein mett malakoffar er ein nøgd malakoffar. Du lagar og sel ettertrakta rockemat til svoltne festivalgjengarar. 

Miljøarbeidar

Ein super jobb for deg mellom 14 og 18 år. I lag med ordensvaktene held du orden og trivsel på festivalområdet.

  • Gratis adgang til festivalområdet den dagen du har vakt (før og/eller etter vakta di). Har du to vakter i løpet av festivalen, får du adgang til festivalområdet fredag og laurdag.
  • Frivillig-t-skjorte
  • Mat og drikke medan du er på vakt
  • Kjekke medarbeidarar og fantastiske rockeminne!

Tilgang torsdag? Kjøp dagsbillett her!

Frivillige kan betale for å oppgradere to-/tredagarsbillett til også å gjelde camp. Kontakt oss på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Facebook.

Ordensvakt

Fredag:  1. vakt kl 15.30-21.30 / 2. vakt kl 20.30-03.00

Laurdag: 1. vakt kl 13.00-20.30 / 2. vakt kl 19.30-03.00

Barpersonell og kioskpersonell

Fredag:  1. vakt kl 15.30-22.00 / 2. vakt kl 21.30-02.30

Laurdag: 1. vakt kl 13.00-18.00 / 2. vakt kl 17.30-22.30 / 3. vakt kl 22.00-02.30

Miljøarbeidar (14-18 år)

Fredag:  Kl 20.00-01.00

Laurdag: Kl 19.00-00.00

• Du møter presis til vakt og i edru tilstand. Om du har henta ut band og ikkje møter til avtalt vakttid, vil du få faktura for festivalbillett.

• Du jobbar på tildelte arbeidstider som er mest hensiktsmessige for festivalen, men vi prøvar å strekkje oss etter ønskjer. Bruk kommentarfeltet i registreringsskjemaet om der er spesielle tider som ikkje høver.