Dei 4 fyrste artistane til Malakoff 23 er offentleggjort, og den raude tråden er: framtida!
I det fyrste artistsleppet til Malakoff-festivalen på Nordfjordeid 20-22. juli er det 4 framandstormande artistar i ulike sjangrar som rock, rap, punk og metal frå Norge, Danmark og England som blir offentleggjort
- Det er eit viktig og riktig signal for Malakoff å løfte fram dei artistane som vi har stor tru på vil prege festivalscener i dei komande åra – i kvar sine sjangrar. Undergrunn er det nye rap-fenomenet, Combos står snart på rocketrona, danske Konvent vil snart stå på store rockescener og britiske Joe Unknown vil ta store internasjonale steg i 2023, seier festivalsjef og bookingansvarleg Arnt-Ivar Naustdal.
Rap-kometane og fenomenet Undergrunn har tatt Norge med storm det siste året og sjølvsagt skal dei skape ellevill stemning og hysteri på Malakoff 23. Og, god stemning blir det definitivt med rockebandet Combos. Her snakkar vi ei energisk kraftbombe av eit band som blandar element frå punk, hardcore, black metal og hiphop på ein ypparleg måte.
Eit nytt bekjentskap blir definitivt den London-baserte artisten Joe Unknown. Han hentar inspirasjon frå britisk punk/hiphop iblanda sterke tekstar og eit tydeleg lydbilde som vi gler oss til å vise fram for fyrste gang her til lands.
Og til slutt, men ikkje minst har vi invitert København-baserte Konvent på besøk. Dei serverer rå, seig death /doom metal så brutalt, tungt og deilig som det skal vere!
Følgande artistar er klare for Malakoff 23
Undergrunn, Combos, Konvent (Dk), Joe Unknown (Uk)
Billettsalet til Malakoff 23 startar fredag 11.november kl. 11:11