Malakoff med spennande internasjonalt artistslepp!

Denzel Curry (US)
Denzel Curry (US)

Amerikansk rap og mongolsk strupesong til Malakoff 2023.

I sitt andre artistslepp slår Malakoff til med slepp av to unike og spennande artistar frå det store utland, nemleg den amerikanske rapparen Denzel Curry (US) og metalsensasjonen The HU (MN).

 

– Det mongolske heavy-metalbandet The HU har vore høgt på ønskelista vår dei siste åra, og i år klaffa det endeleg. Deira unike blanding av heavy metal og mongolsk strupesong skal ljome mellom fjord og fjell på Nordfjordeid i sommar- og det er det umuleg å ikkje gle seg, fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal. – Når vi i tillegg får besøk av eit av dei mest spennande namna i internasjonal hiphop akkurat no Denzel Curry, så er dette ein krutsterk artistpakke, smiler han fornøgd.

 

Den Amerikanske rapparen Denzel Curry er eit av dei sterkaste og mest spennande namna i moderne internasjonal hiphop akkurat no. Curry er eksepsjonell med unik teknikk, viktige tekstar og sjangerbrytande låtar, og han kombinerer dette med total crowd-kontroll og rå liveshow.

I mai kom det nyaste albumet Melt My Eyez See Your Future og markerer eit skilje, både personleg og musikalsk. Han seier sjølv

 “I like traditional hip hop, I like drum and bass, I like trap, I like poetry, so a lot of that is going to be interwoven in this album including jazz and a lot of genres that I came up on as a kid and just being in my parents’ house. This album is made up of everything that I couldn’t give you on TA13OO or Imperial because I was going through depression anger issues.”

 

Den Florida-fødte rapperen har tidligare hausta lovord om sine tidligare verk frå internasjonal presse, og har bevist at han er eit av dei sterkaste namna i moderne hiphop. Ikkje gå glipp av Denzel Curry når han kjem på besøk til Nordfjordeid i sommar.

 

 

Den mongolske metal-sensasjonen The HU har solgt ut Sentrum Scene, og no kan du oppleve dei på Malakoff-festivalen.

 

The HU sin unike fusjon av metal og tradisjonelle mongolske folketonar har tatt verda med storm. Ved hjelp av kunn nokre få singelslepp og debutalbumet The Gereg, har dei blitt eit globalt suksessfenomen. Låtar som «Yuve Yuve Yu» og «Wolf Totem» har over 40 millionar visningar på YouTube.

 

Forventningane har vore store lenge, og i september slapp bandet endeleg sitt nye nye album This Is The Mongol. Så spenn deg fast og gjer deg klar for å bli begeistra av mongolsk metal presentert mellom fjord og fjell på Vestlandet.

 

Festivalen har dermed slept følgande artistar så langt:

Denzel Curry (US), The HU (MN), Undergrunn, Combos, Konvent (DK), Joe Unknown (UK)

Del: