Etter braksuksessen med debutalbumet «Alt er nytt» har Kristi Brud for alvor etablert seg som eitt av dei mest spennande rockebanda i Noreg, og med trommis frå Hornindal! Albumet blei krona med Spellemann for Årets rockeplate i 2024, og pressa var samrøystes begeistra: VG, Aftenposten, Klassekampen og Bergens Tidende rulla alle terningkast 5, og fleire peika på plata som ei av dei aller beste norske utgjevingane det året.
I oktober slapp bandet oppfølgjaren Et Fall – ei plate som og er hylla av eit samla pressekorps og premiert med spellemannsnominasjon i klassa rock.
Fredag 17. juli står Kristi Brud på amfiscena i Malakoffparken – og du har all grunn til å gle deg. Her får du servert ei solid rockepakke som treff godt i mellomgolvet!