Klubbkonsert med Blomst og Marekvist

Klubbkonset onsdag 20.juli
Klubbkonset onsdag 20.juli i Gymmen Scene

På Klubbkonserten onsdag 20.juli i Gymmen Scene, kan du oppleve to heilt spesielle band!

Fyrst serverer Marekvist m/lokale Mathias Degnepoll Øren i front folkrock som vi kanskje ikke har opplevd på Nordfjordeid sidan Gåte. Deretter avsluttar Blomst med deilig norsk garasjepunk levert av eit suverent band, og ein av landets beste rockevokalistar i front!  Velkomen til årets Malakoff-forspiel i Gymmen folkens!

Billett til konserten får du kjøpt her

 

Blomst

Garagepunkbandet Blomst tek turen tilbake til Nordfjordeid!

Sist dei spelte på Malakoff i 2019 skapte dei konsertmagi framfor eit ellevilt publikum i lavvoen.

«Blomst IL» er ei rett-frå-levra statusoppdatering frå midten av 20-åra som fleire vil kjenne seg igjen i. Låtane er levert med ein stor dose garasjepunk-energi og dønn ærlige tekstar på norsk, framført av eit band som «tek tak i deg frå fyrste riff» og med «ein av landets beste rockevokalistar» bak mikrofonen. Med andre ord: framtida til norsk rock er i dei beste hender med band som Blomst.

 

Marekvist

Tungt inspirert av norsk folkemusikk og 70tallets progressive psykedelia, står Marekvist i forgrunnen av moderne instrumental rock.

Med to trommeslagarar, brusande orgel, ordlaus vokal og ein vegg av gitar treff Marekvist deg som en knyttneve av lyd og rytmar.

Debutalbumet Solrenning fra 2021 fekk strålande anmeldelser i både inn- og utlandet, mellom anna av Norway Rock Magazine som omtalte albumet som “trolig årets beste norske debutalbum”.

DEL: