WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
BIGBANG til  MALAKOFF19!

BIGBANG til MALAKOFF19!

På nyåret slepp Bigbang sitt første album sidan 2013, og til sommaren fyrer dei opp turnébussen for alvor etter nokre rolege år og vi kan love allsang og rocka folkefest på Malakoff19!

-Bigbang blir retteleg kalla eit av landets beste liveband, og det er i møtet med publikum at trioen verkeleg er i sitt ess, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal

 

For deg som: Har svolte etter den eksplosive kjemien mellom band og publikum, som berre rockekaptein Græni og co kan levere.

Du kan forvente deg: Eit folkekjært band som ikkje sparar på kruttet når dei no reiser ut for å presentere gamle og nye hits.

Hits: Wild Bird, Girl in Oslo, To The Mountains.

 

Dermed er Weezer, Madrugada, Sigrid, Bigbang og Djerv klare til Malakoff som vert arrangert på Nordfjordeid 18.-20.juli 2019.  25 stk andre artistar vert slept utover vinteren.