WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
Sigrid til Malakoff!

Sigrid til Malakoff!

Skamlaust rå, uanstrengt og makelaus - ein popkomet av verdsklasse. SIGRID kjem endeleg til Malakoff!

⁃ Sigrid er kanskje den artisten vi har sett på konsert dei siste åra som har imponert oss mest. For eit rått naturtalent, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal
Med heidundrande hyllest i ein samla verdsbransje, opp mot 400 millionar streams globalt, utpekt til BBC Music’s Sound of 2018 og utselde konsertar verda over har SIGRID for alvor planta den internasjonale popfoten sin i musikkverda. Og dette er berre starten: framtida bringer Royal Varietyshow i London, ny musikk og store konsertar i inn og utland.

 

Dermed er både rockelegendene Madrugada og Norges største pophåp Sigrid klare til Malakoff 2019.