WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
Billettar til Malakoff 2019

Billettar til Malakoff 2019

Billettar til 2018 prisar er i sal frå i dag. Det løner seg å vere tidleg ute.

Malakoff19 - fom 18. tom 20. juli 2019

Aldersgrensa på festivalcamp og lavvocamp er 18 år. Rabatterte billettar for ungdom fom 12 år tom 17 år ved kjøp av 2 og 3 dagarsbilettar (eigen billett-type)

Malakoff19 vert arrangert over 3 dagar, og du kan kjøpe billett til alle 3 dagane,  for 2 dagar eller billett berre til ein dag. Skal du inn på ein av campane våre, må du ha billetten som heiter 2 eller 3dagerspass inkl inngang camp. 

  

3 dagarspass:
Adgang til konsertområde torsdag, fredag og laurdag (NB!!! denne gir ikkje tilgang/inngang til campane våre) 

3 dagarspass inkl inngang camp:
Adgang til konsertområde alle dagar og festivalcamp og lavvocamp torsdag til søndag. Skal du sette opp telt, må du kjøpe overnatting-/teltplass-billett i tillegg.

 

2 dagarspass: 
Adgang til konsertområde fredag og laurdag (NB!!! denne gir ikkje tilgang/inngang til campane våre) 

2 dagarspass inkl inngang camp:

Adgang til konsertområde fredag og laurdag og festivalcamp og lavvocamp fredag til søndag. Skal du sette opp telt, må du kjøpe overnatting-/teltplass-billett i tillegg. 

 

Dagspass:

Dagspassbilletten gir adgang til konsertområdet den dagen du har kjøpt billett for.  
NB! Denne billetten kan ikkje oppgraderast med inngang til festivalcampen eller lavvocampen.

 

 

Overnattingsplass/Teltbillettar: (NB! du må i tillegg ha personbilletten som heiter 2 eller 3 dagarspass inkl inngang camp) 

Teltplass 3x4 m frå torsdag - søndag  
(inkl 150,- i miljøgebyr - vert refundert søndag før kl 13 ved godkjent opprydding)

Teltplass 3x4 m frå fredag - søndag     
(inkl 150,- i miljøgebyr - vert refundert søndag før kl 13 ved godkjent opprydding)

Artistar 2019

Madrugada