WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
MADRUGADA TIL MALAKOFF 2019

MADRUGADA TIL MALAKOFF 2019

Sjølvaste Madrugada med Sivert Høyem i spissen gjere eit etterlengta comeback og er fyrste artist som er klare til Malakoff 2019! 

Bandet skal spele nokre festivalar i høve markeringa av 20-årsjubileumet til bandet sitt legendariske debutalbum, Industrial Silence. Eit album som i 1998 gjekk rett inn på fyrsteplass på VG-lista og er eit av dei beste og viktigaste albuma i norsk rockehistorie. 

- Å endeleg kunne ynskje Madrugada velkomen til Malakoff er utruleg stas, og gjev oss ein strålande start på årets bookingprosess, seier ein særs nøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

 

I løpet av dei 10 åra bandet eksisterte gav Madrugada ut fire studioalbum til, der det siste albumet «Madrugada» vart starta på og kom ut eit år etter at gitarist Robert Burås døde i 2007. 

På sine ti år som band befant Madrugada seg kontinuerlig i toppsjiktet av norske band både innafor og uttafor Norges grenser. Dei har m.a. mottatt tilsaman fem Spellemannpriser inkludert «Årets Spellemann» 

 

For deg som likar: Nick Cave, Iggy Pop, PJ Harvey, Sivert Høyem, Jeff Buckley

Hits: Majesty, The Kids Are On High Street, Lift Me, This Old House, Honey Bee

Malakoff 2019 vert arrangert 18.-20.juli og billettsalet startar i dag

Artistar 2019

Madrugada