WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
Malakoff18: Eid Inviterer!

Malakoff18: Eid Inviterer!

Velkomen til Eid, Nordfjord og Malakoff18!

Eid kommune er stolt vertskap for ein av landets beste og største rockefestivalar - med ei magisk festivalstemning du må oppleve for å forstå.  

Som gjest vil du oppleve både eit fantastisk festivalprogram og ei enorm dugnadsånd. Langt over 1.000 frivillige frå 8 til 88 år står på for at du skal få den beste festivalopplevinga. Mitt tips for festivalen er at du også nyttar sjansen til å gjere deg kjent med Eid og Nordfjord. 

 

Gjer deg kjent med Eid og Nordfjordeid - den kompakte strandstaden vår med sjarmerande gatemiljø, parkar, strender og alle tilbud du kan ønske deg i gangavstand. Og som stadig veks fordi fleire vil leve det gode livet her heile året. 

Gjer deg kjent med Nordfjord, med spektakulær natur frå Stad i vest til Stryn i aust, og eit mangfald av tilbod. I år er gode opplevingar i Nordfjord lettare tilgjengeleg enn nokon gong i "Nordfjord Action Week" dagane før Malakoff.

 

Rockeeventyret Malakoff har gjort oss sikre i trua på at ingenting er umulig. 
Du er velkomen til oss - året rundt, uansett kven du er. Vi er kanskje ein liten stad, men med eit stort hjarte.

 

Eid Inviterer - keep on rockin' in the free world!

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid