dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
KOMPLETT LINEUP TIL MALAKOFF18!

KOMPLETT LINEUP TIL MALAKOFF18!

Malakoff slapp i dag dei siste 7 artistane til sommarens festival, og presenterer dermed ferdig plakat til sommarens festival.

Ekstraordinære Aurora, bautaen innen black metal Satyricon, dei internasjonale norske elektronikastjernene Lemaitre, den steintøffe rocka danske dametrioen Baby In Vain, revitaliserte punkrockarar i Castro, dei unge potente molderockerarane i Revolt og dei lokale unge rockerane i Jackbow til MR18.

ÅRETS PLAKAT

- Vi er superstolte av årets lineup som er det mest rocka, sexy, eksklusive og grensesprengande programmet i Malakoffhistoria, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

- Vi tilbyr eksepsjonelle liveartistar i mange musikksjangrar som vil gje musikalske minner for livet. Her er  store og små artistar som folk kjenner til frå før, men samtidig så er det vår rolle å tilby artistar som folk ikkje viste at dei ville ha, seier Naustdal vidare. 

 

Vi er med andre ord  i ekstatisk begeistra av lineupen totalt og relativt kry av å kunne tilby artistar som Ghost og Wolfmother eksklusivt på Malakoff, i tillegg til  mange andre artistar som berre spelar på Malakoff i vår vestlandsregion.

Alt ligg herved til rette for #denbestefestivalopplevinga

 

Vi opplever også rekord på førehandsal av billettar til sommarens festival.

I 2017 vart vi utsolgt med 30.000 besøkande fordelt på 3 dagar med festival.

 

LINEUP MALAKOFF18

GHOST, WOLFMOTHER, GLUECIFER, THÅSTRÖM, GABRIELLE, SATYRICON, AURORA,  GÅTE, KJARTAN LAURITZEN, UNGE FERRARI , HONNINGBARNA, LEMAITRE, ONDT BLOD, EVA WEEL SKRAM, KRISTIAN KRISTENSEN, BABY IN VAIN, VAZELINA BILOPPHØGGERS, SIDE BROK & SIRKEL SAG, THULSA DOOM, SLØTFACE, HALIE, BOKASSA, SJUR, HEAVE BLOOD & DIE,  I AM K , CASTRO, JACKBOW, REVOLT, OSELIE , SOFIA  

Malakoff18 vert arrangert 19-21. juli på Nordfjordeid.

Over 30 artistar vil snu opp ned på den vesle bygda som til vanleg har 6000 innbyggjarar, men som under Malakoff har 30 000 besøkande og 6000 på festivalcamp.

#bygdemagi #denbestefestivalopplevinga