dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
NORGES ROCKEFRAMTID TIL MALAKOFF!

NORGES ROCKEFRAMTID TIL MALAKOFF!

Bokassa og Heave Blood & Die er to av dei tøffaste og mest spennande nye rockabanda her til lands med gromme nye album i sekken. Vert superstas å oppleve dei live på torsdag 19. juli under Malakoff18

 

BOKASSA

"Insanely fucking cool" seier Metallica-trommis om sitt favourite new band! Det er lett å seie seg einig med Lars Ulrich for Bokassa blandar stoner-rock og hardcore til ein verkeleg potent stonerpunkmikstur og slapp debutplata "Divide & Conquer" i fjor til strålande kritikkar. Det er med andre ord berre å glede seg til Malakoff18!

For deg som: Diggar tempoet til pønken og elskar tyngden i stonerrock. Her får du i pose og sekk!
Du kan forvente deg: Ein hard overraskingspakke frå eit Trondheimsband som har hausta lovord både her heime og i det store utland; M.a. skåra dei heile 8/10 i Metal Hammer UK!
Hits: Walker Texas Danger, Crocsodile Dundee, Last Night (Was a Real Massacre)


HEAVE BLOOD & DIE
Heave Blood & Die slapp i år sitt andre album Vol II som har blitt unisont hylla i norsk og internasjonal presse. «Verdsklasse», «Eit av årets album», «Flaggskip i eigen sjanger»...Lista med superlativar er lang, og kvintetten har på kort tid etablert seg som eit av landets mest spennende band – både på plate og live.

For deg som: Vil ha hardtslåande og energirike låtar, spekkfulle av feit gitar og buldrande bass.
Du kan forvente deg: Mørk og overbevisande doom-rock frå Tromsø.
Hits: Plague, Countercult, Harakiri