dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
100 DAGAR TIL MALAKOFF18

100 DAGAR TIL MALAKOFF18

Vi feirar med å sleppe punkrockarane ONDT BLOD og mannen med den fantastiske stemma Kristian Kristensen, begge spelar på laurdag 21. juli.

 

ONDT BLOD

Bandet med sin ekstremt lettlikelege punkrock har fått heile fem låtar lista på P3 og bygd seg ei stor fanskare både i inn- og utland. Nord-Norge si store rockestoltheit.
 

For deg som: Diggar Kvelertak og den berusande allsangstemninga.
Du kan forvente deg: Nordnorsk punkrock med samiske røter, der hardcore og metal møter frekk fridomsrock.
Hits: Svarte daga, Storma, Store Ord (Røyk Og Speil)

 

KRISTIAN KRISTENSEN

Med ei stemme som røskar tak i sjela di og vrengar fram gåsehuda kan vi ikkje anna enn å gle oss til Kristian Kristensen står på scena på Malakoff18. Gjer deg klar til å måpe av beundring og fryse i solsteiken!


For deg som: Set pris på vakker, melodiøs og filmatisk musikk med skikkeleg trøkk.
Du kan forvente deg: Mektige og sjelsetjande nordlandske tonar frå ein av landets nye store musikalske talent.
Hits: Kan du lære mæ?, Lyset, Varm