dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
HONNINGBARNA og HALIE TIL MALAKOFF

HONNINGBARNA og HALIE TIL MALAKOFF

Årets stjerneskot og etablerte unge punkheltar besøker Malakoff til sommaren. 

- Du veit kva du får når Honningbarna kjem på besøk: eit fantastisk liveband med eit energinivå som manglar sidestykke.

Honningbarna reiv nesten ned Malakoffscena sist gang dei besøkte oss, og vi gledar oss stort til å få dei på besøk igjen, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

 

I tillegg så kjem årets stjerneskot Halie til festivalbygda i juli. - Eit eksepsjonelt ungt talent med ei stor stemme og ei stor karriere framfor seg som vi gledar oss til å oppleve starten på, fortel Naustdal vidare.