dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
Ny artist og ny scene

Ny artist og ny scene

Fleire artistar , ny scene og nytt band klar for Malakoff18

Det blir Lavvoscene på festivalområdet i år. Altså auke fra 2 til 3 scener, Lavvoscena, Amfiscena og Malakoffscena.  Det betyr at vi kan booke fleire artistar, og vi feirar dette med å sleppe fyrste Lavvosceneartist. @I am K spelte på @100 dagar i helga og imponerte bookinggjengen så mykje at dei gjekk til topps i Vestlandssatsinga  2018. Dermed ser du dei og 5-6 andre artistar på Lavvoscena under Malakoff18.

20 feite band fekk prøvd seg for ein solid delegasjon frå norsk festivalbransje denne helga. 100 Dagar leverer høgt tempo, høg puls og høg kvalitet! Av desse artistane vart I am K vald som vinnar av Vestlandssatsinga 2018. Og for ein konsert dei leverte! Bandet gjekk av scena alt kl 2030 på laurdagen, og etterlot seg eit måpande publikum. Ingen tvil. I am K kjem til å klatra seg kjapt opp bland landets mest interessante band. 2018 er deira år.

I am K representerer ei moderne og smart tilnærming til musikkfaget. Melodisk pop, sylskarp elektronika og treffsikker rock sys elegant saman. Ryddig kompleksitet, kvalitet i alle ledd og ingen sjangebegrensingar. Og denne våren kjem debutplata ”Humans”. Lyskannene er verkeleg retta mot I am K dette året! Dette er no, og dette er framtida.

Vestlandssatsinga, med sitt utspring i 100 Dagar, er eit fantastisk talentbyggingsprosjekt. Her samlast ein haug seriøse arrangørar seg rundt eit band ein ønsker å gi eit  karriereløft. Desse festivalane tilbyr  totalt sett enormt viktig erfaring frå festivalspeling, honorar, og eit trailerlass merksemd. CV-pimping delux! Og ikkje minst; dei får vist seg for eit svært og breitt publikum sommaren igjennom. Ta I am K godt imot, dei kjem nemleg for å bli.

Med på Vestlandssatsinga 2018 er heiderlege: Musikkfest Stavanger, Utkantfestivalen, Malakoff, Tysnesfest, Fest i Vest, Mablis, Vikedal Rootsfestival, Skral, Byfestivalen til Bergen Sentrum, Skånevik Bluesfestival, Den Festivalen på Vangen og Festidalen.

Videolenke