WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
PARADISE og SIDE BROK & SIRKEL SAG

PARADISE og SIDE BROK & SIRKEL SAG

 

Sivert Høyem sitt råtøffe nye band Paradise og Hovdebygda sine store søner Side Brok & Sirkel Sag er klare for Malakoff18. DET vert fett det!!

PARADISE

Ein av dei største stemmene i vår tid og frontmannen bak Noregs beste rockeband, Madrugada, er tilbake i eit nytt, brennheitt format. Råtøffe Paradise kjem til Malakoff18!
For deg som: Aldri vert lei av landets beste vokal med solid og herleg, klassisk rock i botn. Du kan forvente deg: Gåsehud på kvar ein hudflekk og musikalsk kvalitet i alle ledd.
Hits: Yellow, Goodbye 21st Century, Humiliation

 

SIDE BROK & SIRKEL SAG

Etter to års pustepause er hip-hop-heltane frå Hovdebygda tilbake for å spreie kjærleik på Malakoff18. Sirkel Sag og Side Brok kjem til å lage ellevill feststemning, og alle er inviterte!
 
For deg som: Er klar for ein real bygdefest med landets (bokstavleg talt) største hip-hop-gruppe. Du kan forvente deg: God musikk, god stil, godt humør og mykje fjas – alt på blodig alvor.
Hits: 1, 2, 3, fyre, Ørsta rådhus, H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A.
 

Dermed er PARADISE, GÅTE, KJARTAN LAURITZEN, SIDE BROK & SIRKEL SAG, THULSA DOOM OG SLØTFACE klare til Malakoff 19.- 21. juli. #denbestefestivalopplevinga.

Fleire artistar vert offentleggjort utover vinteren og våren