WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
Majestetiske Gåte til Malakoff

Majestetiske Gåte til Malakoff

Gåte gjere eit særs gledeleg comebak med fabelaktig ny musikk og konsert på Malakoff til sommaren. 
- heilt sidan Gåte spelte på Malakoff i 2004, så har det vore ein draum å få eit revitalisert Gåte tilbake til festivalen slik at dagens ungdom også får oppleve det fabelaktige livebandet, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Etter 12 lange år er legendariske Gåte endeleg tilbake! Vi forventar magiske tonar når Gunnhild Sundli og kompani inntek Amfiscena på torsdag 19. Juli.

 

For deg som: Diggar rock ispedd norsk folkemusikk, elskar når nytt møter gammalt. Du kan forvente deg: Å bli bergteken av både gamle og nye låtar i kjent Gåte-univers. Hits: Sjå Attende, Stolt Solvår, Bendik og Årolilja. Om Gåte: https://malakoff.no/component/mystro_lineup/item/gate

 

Dermed er  GÅTE, THULSA DOOM, KJARTAN LAURITZEN OG SLØTFACE klare til Malakoff-festivalen som vert arrangert på Nordfjordeid 19.- 21 juli. #denbestefestivalopplevinga

 

Fleire artistar vert offentleggjort utover vinteren og våren.