WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
Nytt av året

Nytt av året

Malakoff17 var #denbestefestivalopplevinga! Likevel jobbar vi på spreng for å gjere Malakoff18 endå betre for verdens beste festivalpublikum. Vi vidarefører det beste frå fjoråret, samt gjer endringar som er viktige for framtida.


Kort sagt:

  • Torsdagen er komen for å bli; Malakoff vidarefører 3-dagarsfestival 
  • I samråd med politiet vert det innført 18 årsgrense på campane  
  • 30% rabatt på billettar til dei under 18 år (varer til festivalstart) 
  • Billettstart og slepp av fyrste artist vert søndag 8. oktober kl. 18.00

 

I tillegg til dette vert det innført mange nye satsingar som skal auke #denbestefestivalopplevinga. 

Festivalområdet kjem elles til å ha fri aldersgrense som tidlegare år. Transportordninga heim til store delar av fylket vert vidareført, så det er fortsatt mogleg for deg under 18 år å reise på Malakoff! 

 

Festivalen vert tidlegare og tidlegare utsolgt for kvart år. Med rabatterte billettar er det ingen grunn til å nøle!

 

Vidareføring av 3-dagarsfestival

2017 var første året med 3 konsertdagar i fantastiske rammer i Malakoff. Det vart godt motteke og ein kjempesuksess. Vi startar også i 2018 med konsertar i amfiet torsdag kveld og opnar festivalcamp og lavvocamp torsdag kl. 16.00 og stenger søndag kl. 13.00 

 

18-årsaldersgrense på festivalcamp og lavvocamp 

Etter tilråding frå politiet har vi valt å endre aldersgrensa på festivalcampen og lavvocampen til 18 år. Det vil seie at du må vere fylt 18 år for å komme inn på campen 

 

Billettypar 

Dagspass: 

Du kan kjøpe billett til konsertane på festivalområdet ein av dagane: 

2- eller 3-dagarspass: 

Du kan kjøpe billett til fleire dagar med konsertar på festivalområdet/konsertområdet. 2-dagarspass gjeld for konsertdagane fredag og laurdag. 3-dagarspass gjeld for alle tre dagane torsdag - laurdag. 

 

OBS! 

2- eller 3-dagarspass inkl. inngang camp: 

Du kan kjøpe billett til fleire dagar med konsertar på festivalområdet og få tilgang til festivalcampen og lavvocampen i tillegg, altså inngang til campane. 

NB! skal du sette opp telt må du ha teltplass-billett i tillegg eller leige lavvo på lavvocampen 

Aldersgrensa for festivalcamp og lavvocamp er 18 år. 

 

30% rabatt på billettar til dei som er under 18 år 

Barn under 12 år går gratis i følgje med vaksen. Har du fylt 12 år, men enda ikkje fylt 18, får du 30% rabatt på 2-dagarspass  og 3-dagarspass billettar. 

Her finn du oversikta på billettsida vår: BILLETTAR

Billettsalg startar 8. oktober kl 18.00. 

HUGS at vi ikkje refunderer kjøpte billettar!