dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
Lenge leve pønken!

Lenge leve pønken!

Dreams come true! Sjølvaste Refused(!!) kjem til Malakoff17 og gjer ein eksklusiv konsert på vesle Nordfjordeid. DET er fett det!



Få band har i moderne tid hatt så mykje å seie for utforminga av pønkrocken. Refused vert rekna som eit av dei banda som har definert og utvida grensene for sjangrane metal og hardcore. Dette er eit band som sjangermessig trivst best i ytterpunkta. Dei er lovprisa herifrå til månen, og har retteleg fått eit digert jafs av æra for dagens sjanger. Tufta på grensetøying og det å “leve farleg” i brot med konvensjonane. Men for å betre forstå korleis Refused har endra pønk-premissa må vi ta ei lita tidsreise tilbake til det flotte nittital.


Frå 1991 til 1998 utgjorde vokalist Dennis Lyxzén, gitaristane Jon Brännström, Kristofer Steen og trommis David Sandström bandet Refused. Det byrja i Umeå, ein passeleg stor by i Aust-Sverige, mest kjend for sine kulturelle institusjonar og museum. Her vart eit rockeband født, og tradisjonen tru vart barnet døypt med hardcore-boka i venstre hand. Og jammen vart det hardcore, men oppveksten skulle bli noko for seg sjølv. Dei gaula venstreorientert lyrikk og slo seg på brystet med sin ljomande antikonformisme. Og publikum gaula med av full hals.

1996 vert av mange, og bandet sjølv, rekna som år null i historia om Refused. Dette var året dei verkeleg fann sin eigen karakteristiske sound og fekk pønk-, hardcore- og metal-fans over heile Europa på kroken. Det skulle bli fem EP-ar og tre album før karane etter intern baluba gjekk kvar til sitt i 1998. Ganske rett etter deira då siste utgjeving, The Shape Of Punk To Come. Det heile endte med eit punktum og påfølgjande stillheit. Men midt i stillheita var det likevel mange som prata. Om deira siste, og verdas viktigaste utgjeving i følgje fleire. Med fleire ulike sideprosjekt på gang, var det stadig eit sakn og ein veksande etterspurnad om den då nedlagte undergrunnskjempen. Refused Are Fucking Dead. Men dei var ikkje daude.

Til trass for eit no ikkje-eksisterande Refused, skulle bandet berre vise seg å vekse i bakhovuda til svoltne fans. Refused, og The Shape Of Punk To Come hadde gjort noko med folk. Det var knusande nytt, og gav blanke i etablerte reglar og konvensjonar. Bandets siste fekk etter kvart status som eit av dei mest innverknadsfulle i overgangen til år 2000. Fusjonen av metal, hardcore, techno, jazz, emo og hip-hop gjorde albumet til ein klassikar. Den intrikate og politisk lada pønken gav svenskane topplass på utallege Best Of-lister. Refused ville utfordre dei eksisterande tankane om kva pønkband kunne og ikkje kunne spele. Reglane om kva som var akseptert eller ei fall på si eiga urimelegheit, og streid fullstendig imot heile pønk-ånda og sjangeren sin opprinnelege idé. Og dei gjorde nettopp det plata sa. Dei forma pønken deretter.

Året er no 2005, og ein kan tydeleg merke ein oppsving i merksemd. Fleire amerikanske radiostasjonar og klubbar vender seg til spelelister av Refused, Metallica, Foo Fighters, Muse og Sum 41. Etterspurnaden stig til nye høgder, men likevel tek det enda sju år før bandet står samla på scena under det gamle flagget, og det skjer på sjølvaste Coachella. Og fy flate som det small i veggane. Ti planlagde konsertar vart plutseleg til 82. Dette må tydeleg ha smakt godt, for ikkje lenge etter kom sjølve symbolet på ein nyfunnen kjærleik - deira fjerde studioalbum “Freedom” fekk fans verda over til å atter fryde seg. Eit meisterverk av eit album som viser at Refused framleis er eit av dei mest vitale og aktuelle banda i sin sjanger.

Det er berre så usannsynleg stort for Malakoff å få besøk av eit av verdas viktigaste punk/hardcoreband som avsluttande band på Malakoff17!

Lenge leve pønken!