dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
Sveitt Punkrock, balkansk ska og rocka pop til Malakoff

Sveitt Punkrock, balkansk ska og rocka pop til Malakoff

Malakoff utvidar i 2017 til 3 dagar. Dette er artistane som skal stå på scena i det intime Malakoffamfiet denne torsdagskvelden.

Kongane av dampande sveitt dongeri og rett-i-trynet-punkrock Turbonegro headlinar den aller fyrste torsdagskvelden ute i Malakoffamfiet. Ein konsert med eit av Noregs tøffaste rockeacts på Malakoff vert alltid god stemning, og tidlegare på kvelden får ein oppleve fyrverkeriet frå Bosnia Herzegovina Dubioza kolektiv. Dei spelar ei herleg blanding av rock, reggae, hipphop, punk og balkansk folkemusikk framført med ein herleg entusiasme som få andre band kan måle seg med.

 

Til å opne det heile har vi invitert den nordnorske stjernekometen Dagny. Ho leverer popsongar med eit pop/rock sound som appellerer til alle - også ein hardbarka Malakoffrockar. Perfekt!

- vi er strålande nøgde med å kunne presentere dette musikalske trekløveret til opningsdagen av Malakoff17. Ein får servert tre fabelaktige liveartistar som veit å glede sitt publikum. Vi garanterer god stemning frå start til slutt., seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Dermed er  BIFFY CLYRO, KARPE DIEM, TURBONEGRO, DUBIOZA KOLEKTIV, JANOVE, SPIDERGAWD, DAGNY og KJARTAN LAURITZEN klare til Malakoff-festivalen som vert arrangert på Nordfjordeid 20.- 20 juli. Årets festival vert den fyrste som går over 3 dagar. Malakoff har dei siste 4 åra vore utselt med 12000 publikummerar kvar dag, 5000 festivalcamperar og ei unik festivalstemning : #denbestefestivalopplevinga

 

Fleire artistar vert offentleggjort utover vinteren og våren.