Malakoff 20-22 juli 2023
Malakoffparken på Nordfjordeid, Vestlandet
Har du spørsmål du ikkje finn svar på, kontakt oss direkte på post@malakoff.no eller i meldingsboksen på Facebook.
Utfyllande og meir informasjon til sommarens festival kjem etterkvart.
Billettar
Billettar får du kjøpt med Tikkio
Her får du hjelp dersom du har spørsmål om kjøpte billetter
Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Programendringar kan førekome. Kansellering av artistar/band og påfølgjande programendringar vil ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon gjevast kun ved avlysing av heile arrangementet.
Ein papirbillett er ikkje personlig. Billetten kan brukast av andre, sjølv om det står ditt namn på . Alle typer billetter må byttes inn i armband, som er ditt adgangstegn til festivalområdet el campområdet. Kvar billett kan kun brukes ein gong, og strekkoden blir scanna. Alle armbånd skal være festa til arm og låst for at dei skal gjelde som adgangstegn. I det du har festa armbåndet på, er dette å regne som personlig og kan ikkje delast med andre.
FESTIVALPASS
Denne billetten gir adgang til alle konsertar på konsertområde.
Festivalpass 3d – adgang torsdag, fredag og lørdag.
Festivalpass 2d – adgang fredag og lørdag.
Festivalpass Ung 2d eller 3d. Denne billetten gjeld for ungdom fom fylte 12år tom dei som har fylt 17 år. Du må dokumentere at du er under 18 ved innsjekk, når du bytter billett til band.
Festivalpass Student 3d. Denne billetten gjeld for studentar som har studentbevis (elev vgs, høgskule, universitet). Du må dokumentere at du er student ved innsjekk, når du bytter billett til band.
DAGSBILLETT
Dagsbilletten gir adgang til konsertområdet den dagen du har kjøpt billett for. Billetten kan brukast av alle (barn som ikkje er fylt 12 år går gratis i følge med ein voksen)
CAMPTILGANG
Denne billetten gir deg tilgang til campområdet om du har festivalpass for 2 eller 3 dagar i tillegg.
Har du festivalpass 3 dager vil du ha tilgang til campen frå torsdag kl 13 til søndag kl 13.
Har du festivalpass 2 dagar vil du ha tilgang til campen frå fredag kl 10 til søndag kl 13.
Vi får mange spørsmål om inngang /tilgang til campområdet. Har du fleire spørsmål kan du lese meir her
TELTPLASS
Skal du sette opp eige telt inne på festivalcampen må du ha denne billetten.
Malakoffcampen er inndelt i ulike felt. Når du kjøper teltplass, må du velge kva felt du ønskjer å sette opp teltet ditt. Ein teltplass-billett er eit område som er 3x4m. Er teltet du skal sette opp større enn dette, må du kjøpe fleire teltplassar slik at du får plass til telt, snorer osv.. inne på ditt område. Du må ha billettane festivalpass (2 el 3dagar) og camptilgang i tillegg.
Teltbilletten inneheld eit miljødepositum på kr 300 – som vert refundert ved godkjent opprydding og sortering av avfall på og rundt teltplassen din når du sjekkar ut. Sjå kart og les meir her
LAVVOTELT
Du kan overnatt i ferdig oppsatt lavvo. Lavvotelta er plassert inne på festivalcampen. Du finn kart inne på campsida. Det vil vere golv/ pressening i lavvoen. Du kan velge mellom 4 ulike lavvostorleikar. Du må ha billettane festivalpass (3 el 2dagar) og camptilgang i tillegg.
KARTENT
For den miljøbevisste tilbyr vi ferdig oppsatt telt av papp på festivalcampen.
Etter bruk vert teltet resirkulert. Enkelt, effektivt og smart.
Du må ha billettane festivalpass (2 el 3dagar) og camptilgang i tillegg.
Telta er plassert inne på festivalcampen, sjå kart og les meir her
PARKERINGSBILLETTAR
Om du ønskjer å overnatte i bilen du reiser i så har vi tilbud om parkering ved Eid stadion, like ved E39, 3-5min gange fra frå konsertarenaen. Der finn du tilrettelagt parkeringsområde for bil, bobil .
Tilgang på toalett og garderobe/dusj (ikkje straum)
Les meir og sjå kart her
Har du ledsagerbevis, vil ledsager komme inn gratis om du viser beviset i inngangen. Du kjøper altså billett på vanlig måte, og ledsager går gratis inn.
Generelt
I den fantastiske Malakoffparken som ligg nær Eidselva og sjøen i den sørlege delen av Nordfjordeid sentrum
Konsertområde
Ingen aldersgrense på konsertområdet, og barn som ikkje er fylt 12 år, går gratis i følge med ein vaksen. Inne på konsertområdet har vi to «barområde» der aldersgrensa for å komme inn er 18 år.
Campområde
Aldersgrense 18 år.
REGLAR
- 18 års aldersgrense
- Billett – du må ha Festivalpass, 3d eller 2d
- Lov å ta med medbrakt mat og drikke
- Soundboxer er tillat ved fornuftig bruk. Ikkje tillat å spille musikk frå kl. 0300 – 0800. Forstyrrar du andre så må du dempe volumet. Må vi konfiskere Soundboxar, kan dei hentast ut igjen morgonen etter mot eit gebyr på 200kr
- Presenning over telt som ikkje hindrar framkomst er lov
- Det skal vere stille mellom 03:00 og 08:00
- Hugs å ver snill og hyggeleg mot alle!
DETTE ER IKKJE LOV Å TA MED INN PÅ CAMPEN
- Glasflasker
- Partytelt
- Grill, gassflasker
- Parasoll
- Aggregat
- Møblar
- Kniv, våpen
- Dyr
Vaktselskapet kan nekte publikum å ta med gjenstander dei vurderer kan vere ein risiko inne på campområdet, men dei kan også utvise skjønn om du har spesielle behov.
KLIPPING AV ARMBAND
Vaktselskapet har moglegheit til å klippe av festivalbandet og campbandet ditt dersom din oppførsel ikkje er innanfor våre rammer for skikk og bruk og innanfor lovverket.
Dette er nokre grunnar:
- Klatring over gjerde
- Bruk eller vidaresal av narkotika
- Hærverk
- Stjeling
- All form for påført kroppsskade på andre fører automatisk til utkasting frå campen og forholdet vil bli meldt til politiet
MILJØ
Vi tar miljø på alvor og oppfordrer til å kildesortere, begrense mengde søppel og holde orden og rydde etterkvart
Teltplass skal vere rydda og forlate innan sundag kl. 13.00. Når du kjøper teltplass inneheld denne eit miljøgebyr på kr 300. Ved 100% rydda og sortert avfall på teltplass og tilhøyrande areal, returnerer vi miljøgebyret. Frist for å be om tilbakebetaling står på teltplassbeviset du får utdelt når du sjekkar inn.
MAT OG DRIKKE:
Pizzabakeren og Simple & Delicious har serveringsvogner inne på campområdet
DUSJ:
Dusjtilbud til camparar:
Eid Stadion, fredag og laurdag 09-10 og 11-13
Du kan også kjøpe Hamnapass
STAUM OG LADING
Wattn vil ha ladestasjon ved severingsområdet på campen
CAMPSCENE
Dj-etterfest kvar kveld kl 01-02
Åpningstider konsertområdet
Torsdag: kl 1600-kl 0100
Fredag: kl 1600-kl 0100
Laurdag: kl 1500-kl 0100
Åpningstider festivalcamp
torsdag 20.juli kl 13 til søndag 23.juli kl 13
Innsjekk fom torsdag kl 13 for dei som har festivalpass for 3dagar
Innsjekk fom fredag kl 10 for dei som har festivalpass for 2 dagar
Du kan bytte billett til bånd i billett-stasjonen ved festivalområdet.
Opningstider er:
Torsdag 20.juli kl 10.00-00.00
Fredag 21.juli kl 10.00-00.00
Laurdag 22.juli kl 13.30-00.00
Du kan bytte til bånd den dagen billetten gjelder frå.
Det blir bussruter frå Eid Rutebilstasjon etter konsertslutt fredagen og laurdagen.
Billettar får du kjøpt her
(under produktfanen, Transport)
Det går bussruter til:
Sandane, Førde, Grodås, Stryn, Måløy og Selje/Stadlandet (via Almenningsfjellet)
- Medbrakt mat og drikke
- Grill/anna påtenningsutstyr
- Skarpe gjenstandar, t.d. paraply
- Campingutstyr (telt, stolar, luftsofa osv.)
- Hund eller andre husdyr
- Video- eller lydopptaksutstyr
- Speilreflekskamera
- Selfie-stang
- Flasker og termosar
- Gjenstander forbudt etter norsk lov
Vaktene kan nekte publikum å ta med gjenstander dei vurderer kan vere ein risiko inne på festivalområdet, men dei kan også utvise skjønn om du har spesielle behov.
Vi ønskjer mediedekningen av festivalen. Dersom du ønskjer å dekke årets festival, kan du søkje om presseakkreditering via lenka under. Vi håper har forståelse for at vi har begrenset kapasitet til akkreditering. Søknader vil bli behandla fortløpande.
Ved øvrige spørsmål og eller henvendelsar, kontakt oss via post@malakoff.no
Søk om presseakkreditering her