18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     18.-19. juli 2025     •     

Fire nye sterke namn til Malakoff 25!

Dei amerikanske rockarane Eagles Of Death Metal, popdronninga Astrid S, livekongane Honningbarna og countryrockarane Rotlaus til Malakoffparken 18.-19. juli 2025!

I dag slapp vi 4 nye namn til neste års lineup, som allereie har namn som Band of Horses, Ramon, Fjorden Baby! Og Snayx på programmet.

  • No ser publikum verkeleg konturane av programmet for 2025. Vi har ei klar målsetning om at neste års program skal innehald ein miks av internasjonale og nasjonale stjerner i tillegg til aktuelle og nye artistar som folk ikkje viste at dei ville ha. Dette sleppet og dei komande viser nettopp dette, seier ein tydeleg fornøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Eagles Of Death Metal

Det amerikanske rockebandet Eagles Of Death Metal frå Palm Desert, California, blei stifta i 1998 av Josh Homme ( Queens of the Stone Age) og Jesse Hughes. Bandet er kjent for sin unike blanding av garagerock, punk og bluesrock, med energiske riff og catchy melodiar. Sidan debutalbumet «Peace, Love, Death Metal» i 2004 har bandet briljert på scener over heile verda med sine uforgløymelege liveopplevingar. Tragedien i 2015 under ein konsert i Paris prega bandet lenge, men Eagles Of Death Metal kom styrka ut av det med enda meir smittande livsglede.

Astrid S

Astrid S har fortrylla verda med sine deilige poplåtar og uimotståelege tilstedeværelse. Med røter frå Rennebu i Norge har Astrid S vokse seg til eit internasjonalt popikon, med flust av  hits som har klatra til toppen av hitlistene. “Hurts So Good” var den fyrste store låta, etterfølgt av den hypnotiske “Paper Thin”. Musikken hennar, som smelter saman pop, elektroniske element og sterke tekster, har fanga mange hjarter globalt. Ho har og imponert med samarbeid med internasjonale stjerner som Shawn Mendes og Brett Young, og hennar allsidigheit som artist er tydeleg i kvar note.

Honningbarna

Vi opplevde karane frå Kristiansand på to festivalar i sommar, og for eit liveband dei er! Heilt konge! Du skal vere eit relativt stor surpomp om du klarar å stå i ro og vere likegyldig og sur på ein Honningbarna-konsert! Eller som Gaffa.no seier det etter å ha vore på same konsert som oss:  «Du kan gå på konsert – eller så kan du gå på en Honningbarna-konsert». Det blir vanskelig å vurdere opplevelsen på samme grunnlag man vurderer andre konserter. Det hele kommer til å (som alltid) henge igjen i meg lang tid etterpå; inntrykkmessig og blåmerkemessig. Det finnes ingen andre norske band som kan samanliknast med Honningbarna

Rotlaus

På laurdag 19.juli får vi besøk av eit av landets største liveband – nemleg Rotlaus. Karane frå Ørsta på Sunnmøre har på rekordtid blitt eit av landets mest ettertrakta liveband og det herskar liten tvil om at bandet verkeleg har blitt eit band mange ønsker å få med seg. På festivalar landet rundt, store idrettsarenaer og klubbar. Utselte konserter, gode tilbakemeldingar og utelukkande god stemning. Rotlaus treff deg. Tungt, ærleg og ekte. Gjer deg klar for Noregs originale «Bygde-rockarar» eller countryrockarar som vi likar å kalle det.

Lineup Malakoff 2025

Band of Horses

Eagles Of Death Metal

Astrid S

Ramon

Honningbarna

Fjorden Baby!

Rotlaus

Snayx

Del: